babelkunst
english / norsk


Utstillingsperiode: 3. - 11. juni 2006.

INGELA GROV
“IN THE PINK”
maleri og video


Lademoen Kunstnerverksteder har ett atelier som er øremerket nyutdannede billedkunstnere. Leietiden er 1 år og tilbudet utlyses årlig for avgangsstudentene ved de tre kunstakademiene i Norge. Hensikten med ordningen er både å stimulere nyutdannede kunstnere til å bosette seg i Trondheim - og å støtte en kunstner i etableringsfasen ved å tilby rimelig atelierplass i et stort faglig og sosialt miljø.

Med dette atelieret følger det nå også et tilbud om å stille ut i Babel.
Siste års bruker av atelieret heter Ingela Grov, hun åpner sin utstilling lørdag 3. juni kl. 12.

Ingela Grov avsluttet sitt masterstudium ved Kunstakademiet i Trondheim i 2005. Hun viste da malerier på pleksiglass og lerret. Hun har også tidligere gjort seg sterkt bemerket med utstillinger i Trondheim, Kristiansand og Bergen (med svært positive kritikker). Etter å ha vært leietaker ved LKV flytter Ingela nå over til det nyetablerte atelierfellesskapet på Marienborg.

Til utstillingen i Babel har Ingela valgt å arbeide med maleriet på andre måter enn tidligere. I følge en tekst hun har skrevet til utstillingen kan man se dette delvis som et resultat av en ‘malesperre’: “Etter årevis med kunststudiar, årevis med djupdykk inni kunsten, såg eg endeleg enden på galskapen. No gjer eg opp. Eg har jo faktisk ingenting å sei. Ingenting å komme med. Alt er jo gjort før. Like greitt å dra inn årene.” Det viser seg at løsningen er fingermaling.

Hun vil ta i bruk de store vindusflatene ut mot gaten. Inne i galleriet vil hun vise video. Fargen rosa og fingermaling spiller fremtredende roller i denne spesielle utstillingen som har fått tittelen “In The Pink”.

Fra LKVs side er Babel ment å være et sted mellom verkstedet og galleriet - et rom hvor kunstnerne kan arbeide mer utprøvende, usikkert og provisorisk enn man kan i et kommersielt galleri. Det er en glede for oss å ønske alle velkommen til Ingela Grovs utstilling “In The Pink” - i Babel!

Ingela Grov har skrevet denne teksten til sin utstilling:

”In the pink”
( engelsk utrykk for å kjenne seg i jævlig bra form…)


”Finger paints are the direct descendants of mud pies. All I have done is to add the rainbow.” Ruth Shaw

Like før jul i fjor fekk eg total målarsperre. Eg hadde stått i fleire månadar og kjempa framfor diverse material og med ulike typar maling. Målet var å produsere fantastiske, grensesprengande måleri til ei utstilling. Kvar kveld sykla eg frustrert heim, etter å ha skrapa og vaska grundig vekk alle spor av dagens strøk. Null sjans. Herlige fargesprakande palettar vart gang på gang forvandla til ei trist, grå seig masse. Alltid ivrig i byrja, alltid oppgitt til slutt. Eg tenkte så det knaka. Kva faen skal eg måle? Kva er det eg eigentleg vil seie? Kva er vitsen med det heile? Kvifor gidde forsøke i det heile tatt? Kven bryr seg? Nei no var det nok. Best å berre pakke ned heile skiten tenkte eg. Etter årevis med kunststudiar, årevis med djupdykk inni kunsten, såg eg endeleg enden på galskapen. No gjer eg opp. Eg har jo faktisk ingenting å sei. Ingenting å komme med. Alt er jo gjort før. Like greitt å dra inn årene.

Letta byrja eg eit liv utan måleriet. Utan kunsten. Utan å måtte vakne opp å stresse avgarde til lange dagar stirande inn i stikkande lyse kvite flater. På ein måte var eg roligare til sinns. Jævlig letta må eg sei. Men og ganske trist. Eigentleg var eg vel veldig trist. Kjende meg tom. Ingenting betydde liksom noko lenger. Eg har vel blitt for analytisk, tenkte eg. Klarer liksom ikkje å gje meg hen lenger. Kanskje veit eg alt for mykje.

Ein dag gjekk eg på biblioteket. I ei hylle kom eg over ei bok. Det var ei gamal slitt lefse på engelsk som heitte ”Introducing finger painting”. På framsida var der eit bilete i svart kvitt av ei lita jente som måla med fingrane. Biletet gjorde meg lystigare til sinns, eg greip boka og slengde meg ned i ein sofa. Boka innleidde med eit sitat av fingermåleriets mor Ruth Shaw: ” The recording of an experience in colour is deeply satisfying as conscious, unconscius meanings for visual, verbal, tactile and kinetic sensations become interrelated. This may produce a positive development, or a means of clearing conflict in the fabric of experience."

Boka var skreve av ein psykolog. Bileta i boka var av ungar som smøra ivrig iveg med fingrane, alle med eit oppslukt utrykk i ansiktet. Forfattarens til dels tørre vitanskaplege kommentarar til bileta gjorde det heile ganske så komisk. ”The pattern is destroyed, ready to start again” sto det under eit bilete av ein jente totalt tilsøla i maling som heftig sveipa vekk eit bilete ho nett hadde måla framføre seg. Herregud. Eg var frelst. No sto det lysande klart for meg. Eg ville byrja om på nytt.

”The correct set up for finger painting: surface is wet, ready to begin.”

Ingela Grov 2006


BILDER FRA OG TEKST OM UTSTILLINGEN HER!